Foredling av sild
ฝัง
- เผยแพร่เมื่อ 8 ก.พ. 2025
- Sild og pote har halde liv i strilane her ute på kysten. Lyngheisenteret på Lygra nyttar dei lokale råvarene når dei er i sesong, og lagar både nye og gamle rettar. Etter lokal tradisjon vert silda i frå Lindåspollane salta og tørka, og kan nytast som retten Nubbesild. Nokre stader vert den kalla kubbe- eller lubbesild.
Sildestammen i Lindåsosane (som er ein del av Lurefjorden) er heilt spesiell. Den er ein relikt i frå tida etter siste istid, då havet stod høgare. Etter kvart som landet steig vart silda lukka inne i fjordsystemet, og har gjennom tida utvikla særskilde kjenneteikn. Isolasjonen har gitt silda særtrekk - den har færre ryggvirvlar enn anna sild. Ho veks òg seinare og når ikkje same lengda, såleis er ho 15 centimeter kortare enn nordsjøsild.
Lurefjorden er eit marint verneområde grunna sine særpreg, og er eit av kjerneområda i biosfæreområdet. Den vert kalla ein marin innsjø, då fjorden har høge tersklar i alle utlaup. Her er lite utskifting av vatn, noko som har skapt spesielle leveområde for ulike artar. Mellom anna finst her i store mengder av den sjølvlysande kronemaneten Pheriphylla pheriphylla. Andre stader er maneten vanleg på store djup, men i den mørke Lurefjorden finst den høgare oppe i vassmengdene. Haneskjela i Lindåsosane er òg ei leivning etter istida, då havet var kaldare. Haneskjel er ein nordleg kamskjelart som blir inntil 11 centimeter stor.
(Kjelde: grind.no)
Det heter lubbe sild.