Høvdingen

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 9 ก.พ. 2025
  • Denna sangen er tilegna min gode venn Jon Elling Buen Garnås.
    Han lærte meg, rettleda meg og forma mykje av musikken min til det den er i dag.
    Eit sjokk var det da han døde tragisk i ei bilulykke, bare 34 år gammal.
    Alle inntrykka eg satt att med frå dei oppmøtte i begravelsen gjorde at eg kort
    tid etter laga denna sangen, og alle eg såg, hørte og prata med blei ein del av den.
    Eg blei kontakta med spørsmål om å spela inn "Høvdingen", og ved ei rekke tilfeldige hendingar
    blei eit band forma, med kjente fjes, og noka nye - og resultatet blei bandet Byting.
    Ein verdig arv å ha etter ein som fylte meg med så mykje musikkglede at det rant over.
    Jon Elling Buen Garnås, du minnast for bestandig, med latter og gret.
    Ein spesiell takk skal rettast til:
    Geir Arne Dale, som hadde koring og fungera som produsent, og som var den som kontakta meg angåande innspellinga av låta.
    Vidar Svanheld, som kora, la på gitarar og hadde ein rekke gode idear og innspel.
    Halvor Halvorsen som fungera som tekniker og produsent, og satt utrøtteleg i timesvis for å få fram soundet på låta.
    Per Anders Buen Garnås, bror til Jon Elling, som har lagt på fele og komme med opptaket ein kan høre på slutten av sangen, som er ei samtale mellom dei to.
    Lars Stian Havraas som la på bass.
    Arve F. Nilsen som la på telecaster.
    Torgeir Hegna som tok seg av musikkvideon
    Enormt med tid har blitt lagt ned i detta prosjektet, og eg er svært stolt av resultatet.

ความคิดเห็น • 20