Kreativ matdag for Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 8 ก.พ. 2025
  • 23.mars.2023 var det duka for kreativ matdag på Lyngheisenteret, for lokalmatprodusentar og serveringsstader i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære. Filmen viser alt det gode som var diska fram under dagen!
    Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er eit matnettverk i regi av Region Nordhordland IKS, som ligg under statusen som Nordhordland fekk i 2019 - Nordhordland UNESCO Biosfære. Nordhordland er til no det einaste biosfæreområdet i Norge, og som eit biosfæreområde skal vi vere eit læringsområde for berekraftig utvikling. Det er med andre ord viktig å samle dei gode døma på berekraft frå regionen. Lokalmat og matproduksjon er eit godt døme på berekraft i praksis. Ingenting er betre enn at denne maten vi et er lokal, sesongbasert, og at produksjonen er naturleg og «rein» . I tillegg er desse som driv med lokalmat viktige aktørar som tek vare på kulturhistorie, mathandverket og mattradisjona. Mange av dei er óg bønder og bidreg til det opne kulturlandskapet med beitedyr.

ความคิดเห็น •