Landskappleiken 2017: Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar - Liahaugen

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 12 ต.ค. 2024
  • Opptak frå lagspelklassa under Landskappleiken på Røros 2017. Filma av Guro Råheim Kvam. Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar spelar springaren Liahaugen i form etter Ola Okshovd. Ukshøvden spelte inn denne låtten då han og fleire andre valdrisar var i NRK i 1947. Låtten går på den grøne stillinga, og ei liknande form finst mellom anna med Knut Bergheim d.e., og han har me "stole" eit par tak av.
    Sjølve namnet Liahaugen er ikkje kjent i tradisjonsforvaltninga, og det skriv seg frå metadata frå NRK. Men Liahaugen er ein plass i Beito, og det kan ha vore langeleikspelarar derifrå (1). Elles kan ein annan teori vera at namnet er etter jegaren Jon i Liahauge (2 og 3). Om folk brenn inne med meir informasjon om låtten eller låttenamnet, må de gjerne dele denne med oss her.
    Kjelder:
    1) www.nb.no/nbsok...
    2) www.nb.no/nbsok...
    3) www.nb.no/nbsok...

ความคิดเห็น •