Ei praktisk danning inn mot helsefagarbeidaryrket

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 14 ก.พ. 2023
  • Helsefagarbeidar Limoo og helsefagarbeidarlærling Suzann fortel om si danning inn i helsefagarbeidaryrket. Sjølv med sine ulike inngangar til yrket understrekar begge at det er i praksis at danninga skjer.
    «Litt teori og mest praksis fungerer best», seier lærlingen. «Ein treng ikkje sitje på skulebenken for å lære», seier helsefagarbeidaren.
    Dei tolkar teori og praksis som to ulike sider av same sak, slik Gilbert Ryle tolkar knowing how og knowing that som to gjensidig avhengige, ikkje samanliknbare delar av kunnskap, men der effektive praksisar går forut sin tilhøyrande teori. Det er gjennom utprøving i praksis vi blir i stand til å finne maksimane av kunstane våre, skriv han.
    For Limoo og Suzann representerer praksis den essensielle og mest effektive danninga inn mot ein yrkesprofesjonalitet.
    Takk til Merete Hefte, FoU, Seksjon for kompetanseutvikling og Charlotte Søilen, Ass. seksjonsleiar AFMR Post 1 ved Helse Bergen for god tilrettelegging.
    Idé, intervju, kamera og redigering: Grethe Nina Hestholm, Høgskulen på Vestlandet.

ความคิดเห็น •