Ulike barn, ulike behov

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 7 ก.ย. 2024
  • Det å vere gode vaksne for barn er ikkje alltid så lett. Barn er ulike og har ulike behov, og behova deira varierer også over tid. Som vaksne har vi gjerne ansvar for fleire barn samtidig, og då kan det kjennes ekstra vanskeleg å møte dei unike barna med det dei treng. Då er det godt å vite at barn faktisk ikkje treng vaksne som klarer å gjere dette perfekt til ei kvar tid. Det er mykje vi kan gjere for å vere gode vaksne for barn sjølv om vi ikkje strekk til for å dekke alle behov heile tida.
    Filmen er ein av fleire filmar livetogsann.no har laga for å hjelpe vaksne å greie å møte barn på gode måtar når noko er vanskeleg i kvardagen. Filmane er produsert av Livet&Sånn i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom ordninga Program for folkehelsearbeid i kommunane frå Helsedirektoratet.

ความคิดเห็น •