Det kom eit skip til Bjørgvin

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 6 ม.ค. 2025
  • Svartedauden var katastrofal, og tok livet av meir enn halvparten av befolkninga. Pesten vart gjerne forklart som Guds straff for menneska sine synder. Medan vi i dag beskyttar oss mot koronapandemien med handvask og heimekontor, var «krisetiltak» som vart sett inn i mellomalderens Bergen fleire dagar med botsgang og intens bøn. Spelte byane likevel ei rolle som spydspiss i helsestell med sine hospits og fattighus i kyrkjer og kloster? Eller var det nettopp i byane faren for smitte var størst?
    Kan vi sjå parallellar mellom fortidas og dagens krisehandtering? Gjer koronapandemien at vi betre forstår korleis folk opplevde Svartedauden i mellomalderen? Kan vi forstå fortvilinga og frykta dei må ha kjent då sjukdom og død herja i Europa?
    Gøril Grov Sørdal frå NRK er debattleiar.
    I panelet:
    Ole Didrik Lærum, professor i patologi og kreftforskar ved Københavns Universitet/Rigshospitalet i København
    Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis mellomalderarkeologi, Universitetsmuseet i Bergen
    Ingvil Brügger Budal, professor i nordisk språkvitskap, Høgskulen på Vestlandet
    Else Mundal, professor emerita, norrøn filologi, Universitetet i Bergen
    Geir Atle Ersland, professor i historie, Universitetet i Bergen
    Arrangør: Middelalderklyngen/Universitetet i Bergen
    Opptak av arrangement 20. oktober 2020.

ความคิดเห็น •