Rff-prisen 2012 til Elisabeth Kværne

แชร์
ฝัง
  • เผยแพร่เมื่อ 12 ต.ค. 2024
  • Frå eit lokalt engasjement i Valdres for langeleiken, songen og dansen, gjorde Elisabeth Kværne ein heilt uvurderleg nasjonal innsats i hennar 13 år lange engasjement som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans (1991-2004). Ho hadde grundig kunnskapsgrunnlag for denne jobben som piano- og langeleikspelar, kvedar og dansar med studium i musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking, bonde og aktiv lærar i kulturskulen. I 2012 fekk ho Rff-prisen - Norsk senter for folkemusikk og folkedans sin pris for personar som har gjort ein særskilt innsats for folkemusikken og -dansen. Vi har klipt ut litt frå talen hennar, og når ho spelar ein halling og ein springar på langeleiken:
    1. Halling etter gamle Beitohaugen, Øystre Slidre.
    2. Springaren "Din lange fant, kor røten du er" med ei dansedokke til langeleik. Dansedokka som er vist er ein litt fri kopi av ein kar som er på Sogn museum, men temmelig nøyaktig lik den som Berit på Pynte brukte. Dansedokker er eitt av to utslag av marionetteteater i Noreg.
    Opptaket er gjort av Ivar Mogstad på Quality hotell Augustin, Trondheim 1. november 2012.

ความคิดเห็น •